
Båtopptrekk
Vårt båtopptrekk i Kuarvågen er alltid open, og det heng skilt med info om betaling ved opptrekket. Vipps nummer er 813269, og prisen er 200 kr. per bruk. Om du ikkje har vipps, ta kontakt, så ordnar me det.

Årsavtale for bruk av båtopptrekk
Om du ynskjer fri bruk av båtopptrekket i 2026, tilbyr me årsavtale. Ta kontakt om du er interessert.
Prisen for denne avtalen er 2500kr
Vilkår for avtalen er:
1. Avtalen er berre tilgjengeleg for privatkundar.
2. Avtalen gir fri bruk av båtopptrekket i Kuarvågen gjennom året 2026.
3. Avtalen gir 50% rabatt på korttidsleige av båtplass.
4. Avtalen gjeld opptrekk/utsett av inntil 3 ulike båtar (eigd av den som har inngått avtalen).
5. Avtalen kan ikkje brukast til «vennetenester». Er det ikkje din båt, gjeld ikkje avtalen.
6. Avtalen gir tilgang på parkeringsplass for bil og hengar, inntil 1 veke samanhengande, elles etter avtale. Dersom det er mange bilar i Kuarvågen kan ein bli vist vidare til andre plassar i Koløyo.
7. Når ein har brukt opptrekket, er ein ansvarleg for at det ikkje ligg igjen avfall etter spyling eller anna.